
Dei unge vil snakke om rusmidlar og spel, men vågar du å ta praten om det?
Nyleg fekk eg stå på scena under ein ungdomskonferanse for rundt 60 unge medlem i eit forbund. Nokre var tillitsvalde, nokre verneombod og nokre leiarar.
Mange kjende ikkje til Akan kompetansesenter sitt arbeid. Det er ikkje overraskande. Det eg likevel sit att med er at dei unge sjølv ser verdien av å snakke om rusmidlar og spel i ein arbeidslivskontekst. Dette stadfestar inntrykket vi har fått det siste året då vi i møte med dei unge i arbeidslivet opplev interesse for og engasjement i dette temaet.
Frå det siste året er det nokre samtalar eg hugsar spesielt godt
Den eine var med ein ung mann i midten av 20-åra. Han hadde sjølv vore lærling og hadde no ansvar for lærlingar i bedrifta si. Friskt i minne var hans eiga læretid. Då hadde han sjølv kjend på det å vere ung mann i eit nytt arbeidsmiljø og å for fyrste gong finne ut av vaksenlivet på eigehand. I denne tida kjende han på usikkerheit og einsemd som lærling ute på anlegg. Ein av måtane han handterte det på, var å drikke åleine på brakka.
No deler han desse erfaringane med lærlingane han har ansvar for. Han opplev at det bidreg til å skapet eit trygt rom, der dei sjølv kan reflektere over psykisk helse, det å vere ung og eige forhold til rusmidlar. Det seier noko viktig. Når vi får språk for eigne erfaringar og blir gitt ein arena, kan vi bruke det til å skape tryggleik for andre.
Framleis høyrer eg mange meiningar om «dei unge» i arbeidslivet. Altfor ofte blir dei ei gruppe vi snakkar om, i staden for å snakke med. «Dei unge»? Dei er like mangfaldige som vi som er «dei eldre». Dei er ikkje ei homogen gruppe som meiner, tenkjer og gjer det same.
Det vi erfarer gong på gong er at dei også våger å sette ord på bekymring for kvarandre. At dei kan snakke ope om ulike haldningar og synspunkt knytt til rusmidlar og spel. Mange har god og oppdatert kunnskap. Andre har kunnskapshol, slik vi alle kan ha. Nettopp derfor er det viktig at vi pratar om dette temaet på arbeidsplassen.
Kva om eg visste at jobben min kunne hjelpe?
Ei anna samtale eg hugsar godt, var med ein ung tillitsvald. Etter ein workshop tok ho meg til side og fortalde at ho over lang tid hadde vore bekymra for ein kollega. Ho var uroa for at kollegaen drakk ofte og mykje, og isolerte seg frå andre kollegaer på jobb.
Ho ynskja å hjelpe, men trudde ikkje at arbeidsplassen hadde noko å tilby. Ho var også sikker på at han kom til å avvise bekymringa hennar dersom ho tok det opp med han sjølv.
Etter workshopen hadde ho blitt kjend med korleis arbeidsplassen kan vere ein plass for hjelp og støtte. Ved neste møte i arbeidsmiljøutvalet ville ho derfor foreslå at bedrifta skulle jobbe etter Akan-modellen.
Det viser kor viktig kunnskap er. Når ein får vite at arbeidsplassen kan vere ein del av løysinga, blir det sannsynlegvis også lettare å handle.
Dei unge vi møter er klare for å snakke om rusmidlar, spel og bekymring for kvarandre, dersom arbeidsplassen opnar for det. Då held det ikkje å berre snakke om dei, vi må snakke med dei.
Arbeidsplassen kan vere ein plass for førebygging, støtte og tidleg hjelp. For å få det til må vi våge å ta opp tema som kan kjennast vanskelege og sårbare. Og kanskje må «vi eldre» også våge å leggje vekk dei fordommane vi har om «dei unge» når vi gjer det. Spørsmålet er derfor ikkje om unge i arbeidslivet toler denne samtalen, men heller om vi andre er klare til å invitere dei inn i han. Så mitt spørsmål til deg og arbeidsplassen din er: Vågar de å snakke med dei unge om rusmidlar og spel?



