Hopp til innhold
Akan logo

Tag: julebord

Juletid og dei som skulle ynskje dei heller var på jobb

Gler du deg til jul? Så fint. Mange av oss gjer det, og godt er det.

Samtidig veit vi at mange gruar seg til jul, av ulike og heilt personlege grunnar. Mykje kan likevel samlast i tre tema: økonomiske bekymringar, relasjonelle belastningar og einsemd. Einsemd kan vere at ein er fysisk åleine, men også at ein kjenner seg åleine i si oppleving av juletida.

Teksten ble først publisert på Aftenposten.no

Frykten for å bli sett på som ein «Grinch»

For mange er det ikkje berre vanskeleg å ha desse kjenslene, det er òg vanskeleg å setje ord på dei. Ein kan vere redd for å bli sett på som ein «Grinch», ein som øydelegg julegleda for andre. Men det handlar ikkje om å ta noko frå nokon. Helst trur eg vi har behov for å bli sett i at juletida er krevjande. Kjenne oss mindre åleine om det, utan å ta gleda frå dei som kosar seg.

Og for somme kan ferie vere meir enn fri. Det kan vere å gi slepp på tryggleik, føreseielege rutinar og tilhøyrsle. Det som jobben ofte gir.

Nokre av oss skulle helst ynskje at vi kunne hoppe over jula i desember. Her er tre slike forteljingar.

Marie

Marie skulle ynskje ho kunne jobbe i jula. Ho ville heller sitje framfor skjermen på kontoret enn ved kjøkkenbordet heime. I staden skal ho feire med familien. Ho veit det blir mykje drikking hjå foreldra. Glasa blir fylte lenge før pinnekjøtet er ferdig dampa. Ho er vaksen no, men blir likevel liten og redd når faren blir høgrøysta og mora snøvlar meir utover kvelden. På jobb luktar det kaffi og pepperkaker, ikkje konjakk og akevitt.

Vegard

På kontoret er det roleg den siste veka fram mot 24. desember. Vegard likar det slik. Heime ventar ingen på han. Borna feirar jul med eks-sambuaren etter samlivsbrotet, og han blir sitjande åleine. Åleine med inkassovarsel og tankar om spelegjeld som ingen andre veit om. Kollegaene ynskjer han «god jul» på veg ut døra. Han smilar tilbake og ber stille om fleire arbeidsoppgåver.

Mette

På vakt i jula får Mette rom til å puste. Telefonen ligg gøymd i sekken. Ho orkar ikkje fleire meldingar om kvar dottera sist blei sett. Ho er trøytt etter nattas leiting, men var likevel først på jobb og kokte kaffi før dei andre kom. «Jula handlar om borna», seier folk. Kva ville kollegaene tenkt om dei visste at dottera hennar rusar seg? Når det ringjer på døra, kjenner ho berre frykt. På jobb har ho rutinar, kollegaer og pasientar ho kan hjelpe.

Vi kan ikkje gi alle ei god juletid

Forteljingane er fiktive, men dei byggjer på ekte erfaringar mange vil kjenne seg att i denne jula. Vi kan ikkje gi alle ei god juletid, men vi kan bidra til at vanskelege kjensler blir lettare å bere, også på arbeidsplassen.

Ikkje ta for gitt at alle elskar jula. Gi rom for at det er lov å grue seg. La folk få kjenne det dei kjenner, utan å måtte forklare alt. Ver eit medmenneske: lytt heller enn å komme med løysingar med ein gong.

Sjølv om tradisjonar av og til kan kjennast som reglar for korleis jula «skal» vere, er det kvar og ein av oss som bestemmer kva vi gjer med desse dagane. Ver tolmodig med deg sjølv og med andre. Mange av oss ber meir enn vi visar. Om vi møter eigne og andre sine reaksjonar med eit mildare blikk og litt meir forståing, kan jula ofte bli litt mindre krevjande.

Rundt bilde av kvinne på en hvit og beige bakgrunn.

Julebord: Glitter, glede og gangsyn

Herlig! Da er vi der igjen. Endelig kan vi kræsje den mørkeste måneden av dem alle med julelys, paljetter, tversoversløyfer og lakksko – og kaste oss ut i juleborddansen.

I disse mørke novemberkveldene er julebordmafiaen i gang med å overta restauranter, hoteller, barer og klubber. Hva som har skjedd med kjolen og dressen som passet i fjor, forstår vi ikke helt. Men takk og pris for push up-, hold in- og hold på meg her og der-teknologien. Det får rives av når magesyren danser i halsgropen fordi innvollene ble ommøblert av strømpebuksa, som smalt på plass. Samma det. Vi trenger dette lyspunktet og festene i mørketiden.

En sosial risikosport?

Tiden er inne for å feire året som snart er over, belønne ansatte og ta en velfortjent time out med kollegene. Noen har sitt første julebord og lurer på hva man har på seg, hva man gjør og hvor full man kan bli. Det spør vi selvsagt ikke om, så vi tar sjansen.

Jeg elsker julebord, selv om det ærlig talt er litt av et eksperiment. Nå samler vi en gjeng som stort sett bare har jobben til felles, og sender dem ut i et slags sosialt villmarksliv: HR danser med lærlingen, IT tar lønnsforhandlingen med direktøren, resepsjonisten samler opp bonger og salgsavdelingen skal vinne festen.

Som oftest går det helt fint – folk koser seg og alt er bare hyggelig. Men noen ganger må én i ledelsen ringe slukøret til Akans veiledningstelefon mandag morgen. Noen må få en tilbakemelding.

Full fest uten full krise

Så om du vil være litt i forkant og unngå den verste julebordbakrusen, her er fire enkle råd:

  • Bli enige om hva slags julebord dere vil ha, og senk skuldrene deretter.
  • Gjør det lett å velge drikke både med og uten alkohol. Lunken Pepsi Max er ikke et alternativ.
  • Ikke spør kollegaen din hvorfor hen ikke drikker. (Og blir du spurt – spør tilbake: Hvorfor drikker du?)
  • Si fra hvis noe kjipt skjer. Ledere har ansvar, også etter kl. 16.

Og du – tenk over hva slags kultur vi sosialiserer de yngste og lærlingene inn i. Når over 300 000 arbeidstakere dropper jobbfester på grunn av drikkepress og fyll, er det kanskje kulturen vi må justere – ikke individene.

Jeg synes en leder sa det fint da han minnet om bedriftens policy:

«Det er lov å drite seg ut – men det er ikke lov å være drittsekk.»

Det oppsummerer egentlig alt.

Så hvis ingen går i fella, men passer seg for den, kan alle sammen gå rakrygget på jobb – uten fylleangst – og med en ny invitasjon neste år.