Hopp til innhold
Akan logo
Rundt bilde av en kvinne i blå skjorte over en beige og hvit bakgrunn med en orange stripe.

Kjenner du deg uroleg for ein tilsett?

Vi hjelper deg å gå frå bekymring til handling. Prøv digital rådgivar for å få våre tips til samtalen. Men først:

Møt Ole

Ole er personalleiar for eit team på 10 og har vore leiaren deira i tre år. I denne tida har han kjent seg trygg på rolla si ovanfor sine dyktige medarbeidarar. Det vil seie, heilt til no.

Den siste tida har ein av dei tilsette endra seg. Små ting, men nok til at Ole legg merke til det: forseinkingar, meir fråvær, humørsvingingar og mindre blikkontakt. Arbeidet, som alltid har vore jamt bra, svingar no mellom godt og slurvete. Ole ser at det tærer på kollegaene, og at stemninga rundt vedkomande har endra seg.

Han prøver å forklare det med stress og livssituasjon, men uroa slepp ikkje taket.

På kontoret sit Ole med notatblokka framfor seg. Fleire spørsmål flyt rundt i hovudet hans.

Korleis veit eg eigentleg at nokon slit med eit rusproblem? Og så neste spørsmål, det som gjer han mest utilpass:

Han vurderer å la det liggje. Samtidig veks klumpen i magen når han tenkjer på å ikkje gjere noko. Til slutt bestemmer han seg for å ta ein prat med den det gjeld. Men han kjenner seg uvanleg usikker.

Vidare går tankane og spørsmåla. Korleis kan han førebu seg? Kva skal han seie, og kva skal han gjere dersom den andre vert sint? Kanskje lei seg? Eller berre blir heilt stille? Og kva kan han seie når han ikkje har «bevis» på at den andre har eit problem?

Kjenner du deg att?

Er du ein av dei som har tenkt på å kontakte vår rettleiingsteneste, men som aldri har gjort det?

Kanskje er du sjølv leiar med personalansvar og kanskje har du kjent deg uroa for at ein av dine medarbeidarar har ei utfordring med rus eller spill, slik som Ole i forteljinga ovanfor.

Kanskje er du usikker på om bekymringa di stemmer. Og kanskje gruar du deg for reaksjonen dersom du tek det opp.

Du er ikkje åleine om dette. Men det kan opplevast som at ein står ganske åleine når uroa først kjem og du ikkje veit korleis du skal gå fram.
Mi første tilråding er å ta bekymringa di på alvor.

Vi snakkar dagleg med leiarar og andre i arbeidslivet om kva dei skal gjere ved bekymring for nokon på jobb. Mange fortel at dei kjenner på det same: Usikkerheit i korleis dei kan ta opp bekymringa om eit rus- eller spillproblem, og frykt for å ta feil.

Slik kan vi hjelpe - Digital rådgiver

Vi i Akan kompetansesenter vil gjerne hjelpe deg. Gjennom mange år har vi støtta leiarar i å ta den første samtalen og følgje opp vidare, både gjennom kurs og vår rettleiingsteneste. Vi deler kunnskap, råd og verktøy på nettsidene våre, og du kan alltid ta kontakt for ein prat, eit møte eller eit kurs.

For å vere endå meir tilgjengeleg for arbeidslivet har vi no utvikla eit nytt verktøy: «Digital rådgivar».

Verktøyet består av ni korte filmar der vi svarar på det vi opplev leiarar oftast treng råd om. Målet er at du skal kome deg vidare frå bekymring til handling. Gjennom å sjå filmane vil du få hjelp til å sortere i bekymringa di og bli trygga i korleis du kan ta opp bekymringa med den det gjeld.

For å ta i bruk Digital rådgivar, klikker du deg inn på Den nødvendige samtalen. Der finner du ein interaktiv video kor du kan klikke på dei spørsmåla du lurer på og få svar med ein gong.

Spørsmåla vi svarer på gjennom Digital rådgivar er desse to hovedspørsmåla, med fleire underspørsmål:

  • Jeg har en bekymring eller usikkerhet om en ansatt og lurer på hva jeg skal gjøre.
  • Jeg har bestemt meg for å snakke med en ansatt og lurer på hvordan jeg gjennomfører samtalen.

Hugs at du kan ringe veiledningstelefonen dersom du treng å prate med ein rådgjevar: 22 40 28 00